Portrett av kandidatenI mi studentpolitiske karriere har velferd gått att som tema og hjartesak. Heilt frå det å falle inn i foreiningslivet, og sjå verdien av det, til å jobbe for dei store velferdsutfordringane til studentane i Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Det er truleg få av dykk i Velferdstinget i dag som kjenner meg, men eg har site der du sit no, for nokre år sidan. Litt bakgrunn om meg er at eg har vore mykje aktiv i velferdspolitikken, før eg gjekk ut av arbeidsutvalet i NSO som Velferds- og likestillingsansvarleg i vår. Eg har tidlegare vore studentleiar på BI, hatt nokre år i styret til Universitas, og sjølvagt hatt mange gode år i Velferdstinget.

Tilbake då eg studerte ved BI tok eg stor del i foreiningslivet der, og har alltid sagt at det eg ynskjer med eit engasjement i studentpolitikken er å gje andre studentar ei like god og sosial studietid som det eg har hatt. Her kan samskipnadane spele ei stor rolle, som forvaltar av mykje av velferdstilbodet til studentane i Oslo. Me må ha ei stor satsing på studentfrivilligheit og psykisk helse framover. Det er etter mi meining det viktigaste å ha til grunn for ei fantastisk studietid. I tillegg trur at samskipnadane kan jobbe meir saman for å gjere det enklare å få bygd dei studentboligane studentane treng og ynskjer seg.

Det er i hovudsak to grunnar for at eg ynskjer å sitje i hovudstyret til SiO:

Eg har jobba mykje med, og hatt mykje å gjere med samskipnadane – over heile Noreg. Studentane må ta ein større plass der. Me må synleggjere at det er studentane sitt organ, og me forvaltar best stemmene til våre eigne. I styret har me fleirtal, og moglegheitar. Me skal ikkje ta det at me har fleirtal i styret for gitt, den regelen har forsvunne før, og me må syne oss fortjent til den.

I tillegg hugsar eg frå mi eiga tid i VT kor vanskeleg det kunne vera å både få innsikt, og å kunne påverke SiO gjennom mine studentrepresentantar. Det mest essensielle ein studentrepresentant kan bidra med er transparent og tilgjengelegheit. Det må gjerast ein jobb for å setje VT i stand til å sende marsjordre med inn i styret. Ein må i tillegg som styrerepresentant eventuelt kunne forklare til VT kvifor eventuelle ynskjer er vanskelege å gjennomføre for samskipnaden, dersom det er tilfellet. Det er og ein fordel med styreerfaring, båe frå Universitas, Lånekassen, og som leiar av studentforeininga på BI, for å kunne hevde seg mot erfarne ekstrene styrerepresentantar og administasjon.

Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko!